Hadde meg ein flott fisketur på Fitjadalsvatnet. Sjøsatte på sørsida av vatnet ved utløpet. Tenkte å prøve ein god gammel padleåre idag og det gikk forsåvidt fint. Fremdriften blei noko dårligere og kajakken var mindre retningsstabil enn ein kano men da gjekk bra etter litt justering av teknikken. Startet med å fiske med tørrflue i utløpet og fekk ein liten på andre/tredje kastet. Padlet opp til elva som renn inn i vatnet, men vassføringa var så lita at eg kom meg ikkje særlig langt opp i elva, og den var veldig grunn då det såg ut som at det hadde vært gravearbeid ved osen. Etter ein rast på land startet eg på turen tilbake til bilen via den andre sida av vatnet og der fekk eg ein fisk til på spinner. Denne var litt større enn den første og eg synes den kunne få leve videre. Etterkvart kom eg meg rundt vatnet, men det tok si tid med motvind. Prøvde ein gong til ved utløpet og fekk min tredje fisk som dessverre var like liten som den første. Har tatt litt video som eg skal redigere og legge ut etterkvart. Konklusjon: ein flott tur!
Video frå turen finn du her…..





