Fredag var det godt å komme seg ein tur på fjorden i kajakk etter ein svettsom jobb med å slå plenen i solsteiken.
Hardangerfjorden låg speglblank og lokka og optimistisk som eg var, tok eg med fiskeutstyr også i håp om å lura sjøørreten.
Dessverre var det veldig mykje skit i vatnet så det blei ikkje noko fisk denne gongen, men eit vak fekk eg no sjå. Eg observerte også mykje Tjeld og Strandsniper, trulig årets kull. Kom ganske nært på ein Skarv som var må matleit også. Dette er ein art som har trekt innover fjorden dei seinaste åra.
Turen blei ikkje lang då eg tok det med ro for å spare akslene, men det vart allikevel ein flott tur inn til Seianes.


